I fjor fann eg ei notatbok etter besten min Der oppdaga eg desse orda som han skreiv til 17. mai 1945. Dette var ein del av ein tale som han haldt på Dale. På Dale hadde det alltid vore arbeidarar som hadde tala på 17. mai, men besten var den fyrste læraren som fekk halda 17. maitale der. . Kanskje me har noko å læra av desse gode orda? God 17. mai!
"I jublande glede held det norske folket i dag 17. mai. Fridomsdagen.
Det er 5 år sidan sist. Ei lang tid. Og ei tung tid. Me har vandra dauskuens dalar og kom til sist ut på fridomens opne solljose vidder.
Men me har og røynt det gode. Kjærleiken har aldri døydd. Det hjelpsame hjarta har vore stort. Midt i redslenatti har det gjenge englar.
Evige verdiar har me mist. Gode landsmenn og – kvinner er borte.
Tindrande klåre barneaugo er ikkje meir.
Me som står att samlar oss om dei verdiar, som du viste oss, som du gav oss.
Indre personleg fridom. Fridom i sinnet.
Men du gav oss meir.
Du gav oss ein ytre fridom. Frå i dag gjeld Grunnlova-Noregs gamle lov.
Og ikkje berre det, men me skal byggja vidare på den and ho er runni av.
Den som ikkje i dag kan vera glad eig ikkje heim mellom oss.
Me veit, med opne auge at denne framtid me går i møte er tung. At det er store oppgåver å løysa. Mykje liding å lindra. Me veit det. Men me jublar likevel. Har me ikkje lov? "
Ingvald Olai Folkedal 17.mai 1945