Heilage vegg på veggen der, kva vegg er vakrast i verda her?
Årets store prosjekt har vore isolering av vegg, og me har fjerna måling, målt, og isolert til den store gullmedalja. Me starta med å ta ned kledningen til eine veggen i april.
Etter at kledningen var nede brukte me lang tid på å finna ut kva me skulle gjera. Særleg var det knytt stor spenning til kor tjukk isolasjon me skulle velja. Me hadde som utgangspunkt at me ikkje ville byggja ut veggen noko særleg, me vil ikkje endra formen på huset. Det stod lenge mellom 7,5 cm og 10 cm. Heilt til me fann ut at ein ikkje hadde trefiberisolasjon i 7,5 cm, så då løyste situasjonen seg sjølv.
Det tok tilsvarande lang tid før me bestemte oss for å bruka opp att det gamle bjølkelaget. Eigentleg hadde me tenkt til å byta det ut, men me ombestemte oss. Hovedgrunnen til dette var at me skulle bruka opp att gamal kledning. I den gamle kledningen var det gamle spikarhol som var tilpassa det gamle bjølkelaget. Skulle me setja opp nytt bjølkelag hadde me hatt mange stygge spikarhol som ikkje hadde tent noko føremål. Ulempa med å halda på det gamle bjølkelaget var sjølvsagt at me måtte skjera til all isolasjonen. Men det gjekk greitt å skjera til isolasjonen, me hadde jo litt trening etter å ha isolert loftet i vinter.
Me brukte vel eigentleg lengre tid på å finna ut kva me skulle gjera, enn sjølve isoleringsarbeidet. Fyrste veggen vart óg ei slags prøvekanin, og me har allereie effektivisert litt på andre veggen som me arbeider på no.
1) Dampsperra, isolering, vindsperra og utlekting
Her har me rulla ut dampsperra og starta isoleringa. På denne veggen tok me ikkje ut vindaugskarmane. Karmane stod faktisk så tett på veggen at me måtte slå dei ut med slegga, og til og med då var det vanskeleg å få dei ut. Så kule vindaugskarmar har me. Alt i alt kjem veggen vår sånn ca 2,5-3 cm lengre ut, det gjorde at me måtte flytta vindauga våre ut tilsvarande (sjølv om me eigentleg ikkje ville flytta vindauga ut i utgangspunktet, men av og til må ein bøya seg i støvet og svelgja prinsippa sine. Kva gjer ein ikkje for å få eit litt varmare hus).
Her er vindsperra kome på + lekter. Det vart litt lang avstand mellom desse lektene så me sette nedi fleire for å få nok lufting under. Om du ser oppe til høgre så ser du ein tvilling som er i gang med å utføra ei veldig viktig, men kanskje undervurdert oppgåva. Korleis hadde verda sett ut dersom isolasjon fauk til alle kantar? Me skulle ikkje ha noko av at isolasjonsplatene skulle gjera såpass opprør at dei vart påverka av tyngdekreftene. Difor vart eine tvillingen ei viktig brikka i arbeidet med å sikra at isolasjonen ikkje datt ned for oss.
Her kjem eit nærbilete av det viktige arbeidet. Tåballen sikrar mot katastrofe.
2) Fjerning av måling og måling på ny
Sidan kledningen ikkje var på veggen lengre, var den alle andre plassar enn der den eigentleg skulle vera. Den var ute i garasjen, inne i matstova og inne på badet. Her kjem eit stemningsbilete. Me har vel aldri bore så mykje rundt på kledning som denne sommaren. Panikkspringing inn med nymåla kledning når det brått skulle regna osb.
Mesteparten av den gamle kledningen vart brukt på ny. Dei visste å velja ut material av god kvalitet i eldre dagar. Kjennest veldig fint å bruka opp att kledning frå 1893. Det me har brukt mest tid på har vore å fjerna all måling på veggen. Me valde å fjerna alt sidan me ikkje var sikre på kva måling som var under. Me brukar linoljemåling og då vil me ikkje ha plastmåling under.
Det var ikkje alt materialet me brukte opp att. Mellom anna laga me nye dryppnase/vassbord nedst (kva heiter det sånn eigentleg her i vest?). I tillegg laga me nytt vassbord på pyntelista og elles litt nye deler rundt vindauga (men mest gjenbruk her og).
3) Ta opp att kledning
Til slutt var dagen komen til at den nymåla kledningen skulle opp att. Denne dagen hadde me venta på. Me tok på oss vårt finaste snikkarbelte og sette i gang.
Me valde å skru opp plankane fyrst. Når all kledninga var kome opp att, tok me ut skruene og spikra inn store 4 toms galvaniserte klippspikar for å få ein autentisk avslutting. Alt i alt så passa kledningen fint. Men me merka at den hadde krympa noko saman, men det kan jo skje den beste.
Slik ser ein galvanisert klippspikar ut:
Etter kledningen fekk me opp at all pynten rundt vindauga og pyntelist. Veggen fekk sjel att.
Og resultatet er me nøgde med!
Her er foresten ein kul retro forklaringsvideo om korleis ein isolerer vegg: kule NRK
Oppsummering, dette har me brukt på veggen vår:
5 strok linoljemåling
8 kg klippspikar
kjærleik og ein del krangling