Bisperomet
No for tida riv me ned panel på Bisperomet, eller det me kallar Lars sitt rom. Då me var på besøk hjå besto var Lars sitt rom ofte det mest spennande. Døra inn til romet var alltid stengt og me turde nett såvidt å glytta inn. Inne på dette romet fekk me aldri overnatta, av uviss grunn.
For vel 10 år sidan var det vatnlekkasje her i prestegarden. Då måtte ein ta heile taket på ny. For å sjekka tilstanden til veggane vart panelet opna opp, og me har difor lenge sett ein flik av tapet i djupraude nyansar på dette romet. Diverre gjorde lekkasjen at tapeten to stader er litt skada av vatn, men det overlever me.
Uansett, no riv me ned panelet og det var knytta stor spenning til tilstanden til tapeten under. Me trur dette er det einaste tapeten som har vore på rommet og kanskje har det vore der sidan 1893?
Me gler oss allereie til å få gjester på besøk som kan sova på dette ærverdige romet. Men vil gjerne ha innspel frå deg på dette:
1) Kva farge skal me ha på golvet? Tidlegare har det vore brunt, men brunt er me ikkje så glade i.
2) Kva seng høver til eit bisperom?