Alt skjer no og alt skjer samstundes
Her kjem nokre stemningsbilete frå rom me arbeider med for tida. Me demonterer mellom anna stikkontaktar, og gamle elektriske brytarar. Elektrikaren har kopla alt frå, så det er trygt for demontøren Halldis. I tillegg er det snart badet og dusjeromet sin tur.
Denne vakre vesle vart demontert ned.
Slik ser den ut utan deksel. Kjekt å sjå korleis slike magiske brytarar fungerer
Ljoset har gått for den gamle, vesle doen, som no skal attoppstå som del av matkammerset.
Dette ventilasjonsrøyet forsvinn og. Me trudde jo at dette var eit røyr til ein tiltenkt do oppe på kottet. Så viste det seg at det var gamaldags doventilasjon. Alt me ikkje veit. Dette røyret forklarar og den litt stygge lukta som av og til kunne vera på romet ovanfor.
BADEROM
Draum om eit eklektisk bad. Me skal laga bad i eitt av favorittroma våre. Det er jo litt skummelt sidan me er redde for å øydeleggja det. Litt av målet er kanskje å ha eit baderom som eigentleg ikkje ser ut som eit baderom. Me skal uansett ta vare på den originale perlestaffpanelet. På golvet ligg det gamal linoleum som er målt. Det gamle badet låg inn døra til høgre nedanfor. Det skal no verta eit fyrsteklasses dusjerom. På badet tenkjer me å ha kakkelomn , badekar, vaskemaskin, do og planter.
Gjer døri vid. To dører på badet. Den til venstre skal vekk.
Tre dører
Inne i hjørna her skal kakkelomnen stå
Gamalt linoleumsgolv. Den brune flekken er originalfarge.
Badet med original perlestaff frå 1893. Målet er at det ikkje skal stå noko framfor vindauga, men at me kanskje skal få plass til ein liten lenestol der. Badet er 4,45 i lengda og 3,70 m i breidda.
På baderomet har me tenkt til å ha ein radiator til handklede av denne typen (me skal ha vassboren varme i huset)
Har óg lyst til å få plass til dette gamle lintøyskåpet (det er 1,43 x 41 x 69 stort). Badekaret me skal få plass til er 1,67 cm x 73,5.
Dusjerom
Det gamle badet såg slik ut. No gjer me dette om til dusjerom.
Taket i dusjeromet skal me ta vare på
No har me strippa ned veggane til tømra. Slik ser det ut no
Her har Halldis rive opp golvet. og under var det eit sporadisk plassert golv og under der er bossekkar med Glavaisolasjon og røyr