Vår
Endeleg vår. Me elskar vaoren. Men ein får litt sjokk kvart år. Plutseleg skal alt gjerast på ein gong, både inne og ute. Nokre vårteikn har dukka opp i hagen.
Etter at snjoen smelta viste det seg at purren stod der like fin. Så no et me fersk purre i april.
Både ute og inne i drivhuset veks det kvitlauk som vart sådd i haust.
For nokre dagar sidan tok me ned noko kledning av panelet vårt. Målet er å starta med å ta ned kledning i mai. Bror vår som har si eige gardssag skal skjera til meir panel, i tilfelle me øydelegg noko av panelet. Spennande tider når huset skal få litt isolasjon og vindsperre. Det er forøvrig no når våren kjem at huset kjennest kaldast ut. Særleg når det er verskifte er det gjerne kaldare inne enn ute.
Huset får endeleg litt sol på seg att
Inne er det nok ganske kaos. Me er ferdige med å ta ned panelet på Bisperomet, og har starta med å ta ned panelet på ein annan vegg. Me kjem til å avsløra ein ny tapet snart, så her er det berre å fylgja med.
Inn døra er det presten sitt kontor. No mellomlagrar me panel der.
Listene som ein skimtar til venstre her er gamle lister som me har funne. Me er såpass heldige at det ser ut til at alle/dei fleste gamle listene er tekne vare på og ligg oppe i vedskjulet. Eit lite skattkammer med andre ord.
Me fleskar til med nokre fleire turbilete. Ingenting er so vakkert som skog.
Gudrun er, etter lang tids tale med vond isjasrygg, tilbake i drift. No går ho tur ein gong om dagen for å verta heilt frisk att.
Når vårsola blenkjer i bakkane